 |
 |
|
 |
 |
FIRBEINT hundeliv, bøker, reiser, foto
HUNDETRENING, REISER, FOTO OG LITTERATUR
Denne heimesida handlar om dagleglivet med retrieveren Ekko,
reiser,
mat og vinglede,
litteratur, foto,
pedagogikk, skole mm.
og smått og stort som eg ønskjer å informere om.
Eg blir glad om du kikkar innom
gjesteboka
og legg igjen ei helsing der.
Oppdateringar og små nyhende finn du viss du blar litt nedover.
2012 - Godt nytt år!
04/01/12:Året har starta stormfullt. Men vi er i gang.
Alle tre bloggane er fornya, men er like kjekke. Fritenkjar er om bøker, skole, politikk, fotografering med meir. Kikk innom. Gje gjerne ei tilbakemelding. Det er bloggane som er det pulserande her inne.
Boksal
Nytt liv av daude gror - fotoprosjekt
03.04.11Eg har no oppretta eit nytt album under NATURMOTIV. Planen er å følge det som gror på terrassen utover våren og sommaren. Både det som lukkast og det som ikkje er så vellukka. Stikk innom sida, kommenter gjerne
GODT NYTT ÅR!
Eit nytt år står der så blankt. Og som alltid før, står eg der med draumar om at det og det skal eg få gjort dette året. Mykje blir ikkje gjort, men verre er det vel om eg sluttar å drøyme ?
Alle tre bloggane er aktive. På ujamnt nivå. Ferdaminne er jo avhengig om eg er på reise, Fritenkjar krev litt tenkjing, men der er det fleire innlegg på utkaststadiet. Firbeint er òg avhengig av trening. Ekko er blitt 6 år og matmor ein del meir så livet har hatt litt andre prioriteringar, men vi kjem sterkt tilbake
Snart advent
21/11-10 I november har eg vore på tur til København. danskane kan design og vakker julepynt så det er ikkje vanskeleg å finne vakre ting der. Sjå Ferdaminne for tips til spisestadar mm.
1 månad med R- hugs tran
10/9-10 Hausten kom brått, men samstundes kom den med varme. September har starta med sol og varme. Eg har kjøpt meg terrassevarmar så no var det bare å flytte ut, tenne lys og nyte lange, mørke kveldar. PC er sjølvsagt med. Eg er aktiv på twitter, så vil du følge med der er namnet @avoest
I tillegg til terrassevarmaren, har eg skaffa meg gassgrill. Kvifor eg ikkje har gjort det før, er ei gåte. Det er jo heilt perfekt for meg. Grilla fisk og grønsaker på 1-2-3.
Er ikkje heilt klar for treningssesongen med den firbeinte. Det ser du meir av i bloggen.
Eller er Fritenkjarbloggen blitt meir aktiv. Altså eg er i live :)
Sommar
20/7-10 Nå er det langt ut på sommaren. Ikkje den varmaste til no her vest, men eg har vore på reise i USA og der var det til tider i varmaste laget. Reisa kan du lese om i bloggen Ferdaminne
Ellers så skal eg bruke litt tid på å oppdatere heimesida før hausten tar tak i meg
Det vårast
5/4-10 Tida fyk. Påsken er over og det er vår. Bloggane mine har vore aktive, både hundetreningsbloggen og skole/litteraturbloggen. Men eg heng litt etter med oppdateringa på heimesida. Forbetring er undervegs. Nye bilete kjem i dag mellom anna.
Det er framleis vinter
25/02-10 Det er framleis vinter og alle rekordar er sprengt. Eg begynner å bli bekymra for at alle vil ha låglandspåske i år... Det kan jo bli kø på strendene og uterestaurantane våre .
Etter lang pause har eg oppdatert bloggen Fritenkjar. Det kjem snart stoff i Ferdaminne òg. Har ein tur til Kroatia og ein Londontur å oppdatere.
Hundetreniningsbloggen, Firbeintblogg, blir oppdatert minst ein gong i veka så den melder eg ikkje frå om ein gong.
GODT NYTT ÅR!
08/01-10 Tenk 2010. Skremmande kor fort dette går. Vi avslutta 2009 med vinter, snø og frost og starta 2010 med endå meir frost. Alle vatna er no trygge og vi har grader mellom -10 og -20. Ikkje akkurat det vi er van med. Kjenner eg nyt dette. Det er lyst, det er sol og det er kaldt.
Nyttårsforettene er der jo. I forhold til denne bloggen er det å oppdatere der eg er blitt hengande etter, så kanskje i løpet av januar- februar....
1.veke i desember
02/12-09 Nå er vi i gang med julemånaden og nedtellinga. Her har det vore flotte dagar med frost og klar himmel. Fullmånen gjer at det ikkje er så mørkt når ein går kveldstur. Så vi nyt både dagen og kvelden.
Målet mitt før året er omme, er å oppdatere dei sidene som har lege litt brakk. Det ser ut som eg skal kome veldig nær 2010 før det blir gjort....
Ellers er eg aktiv på www.bokelskere.no. Besøk meg gjerne der (avoest) og kom med boktips.
Ser at mange kjente er på facebook. KJekt det. Lett å halde litt kontakt i kvardagen då.
Snart advent
25/11-09 Under ein månad til jul. Kjenner meg klar for julepost og adventstid. Det plar vere ei koseleg tid.
Som de ser har eg fått litt nytt på sida. No kan du hake av at du liker ei side spesielt, eller skrive kommentar om sida direkte. Eg er litt usikker på om det vil vere suksess, for eg veit jo at fleire bruker framside som ein veg til bloggane mine (og det er jo kjekt). Men skriv gjerne ein kommentar, eller bare vis at du likte ei side.
Tips når det gjeld julegåve til hundefolk: Canis sine hundebøker (link finn du her). Til leseglade: "Havets katedral". Ei fin bok der du får kjenne Barcelona på 1300 talet på pulsen Til gourmeten: "Lykke i Piemonte" av Klaus Hagerup
Det var tipsa eg kom på i dag.
Ny blogg!
23/11-09 Det har vore lite aktivitet på heimesida, men ein del aktivitet i bloggane så det gjeld å kikke innom der.
Det siste er at eg har starta med blogg om pedagogikk, skole og anna eg måtte ha behov for å skrive om i forhold til jobben min. Bloggen heiter Fritenkjar og her skal tankane få flyte litt fritt.
Nettsider som opptek meg
31/10-09 Har oppdaga twitter. Farleg det. Å få ein dose korttekstar frå Torvund, tips om lenkjer frå andre med meir har fått i gang andre prosessar. I all travelheit med hund så har det blitt altfor lite tid til litteratur, både fagleg og skjønnlitterært. Men no kjenner eg det kriblar etter å delta litt på den sida òg.
Eg har difor meldt meg inn på www.bokelskere.no og har ingenting i mot at andre leseglade slår til og blir med
Når det gjeld fagstoff er det twitter som gjev meg innspel for tida. Eg har endeleg oppdaga http://delogbruk.ning.com/ Ein nettstad der pedagogar, forskarar med fleire deler kunnskap, idear og oppgåver med kvarandre. Kjente eg blei inspirert bare av å kikke innom.
NUCH Helt hærlige Scotty
Scotty er blitt far igjen!
Det store matgildet
16/08-09
Vår gode tradisjon (vi fann ut at vi har halde på med dette i 13-14 år) med eit fantastisk matgilde ein gong i året, har gått av stabelen. Det plaskregna, men ka gjorde vel det når hytta var hol og hadde plass til oss alle. Menyen finn du her. (under fana gourmet). Og som alltid - vi hadde det strålande, både sjel og lekam fekk sitt.
Oppdatering i reiseblogg
21/07-09
Reisebloggen Ferdaminne er oppdatert med ferien i Noreg.
Flott sommar
Stadige endringar
21/05-09
Det skjer stadige endringar på sida mi. Eg prøver meg fram på ny design og nye fargar.
Den gode varmen er borte for ei lita stund. Eg lurer på om vi skal reise til USA denne sommaren òg. Vi blei fasinert i fjor. Du kan lese om turen i ferdaminne
Kom mai du skjønne milde
Eg trengte litt forandring.
Det er vår!
Nye bilete
Nytt fotoalbum
Oppdatering hundefoto
Knirkesnø og frosne vatn
Vi har flotte vinterdagar
1/02-09
Vi har flotte vinterdagar for tida. Sol som varmar og eit par minusgrader i skuggen. Slikt vèr gjer jo at vi storkosar oss på hundetreninga. Ekok gjekk i helga eit blodspor som var 20 timar gamalt. Det gjekk han med glans. Les meir i Firbeintbloggen.
Nytt om bøker
23/1-09
Eg har funne ein ny blogg. Om bøker. "Buskerud leser" heiter den. Den trur eg kan bli spennande å følge for oss som elskar å lese. Bloggen er sikta mot elevar i vidaregåande, men her er det mykje å hente for oss andre òg. Link til denne bloggen og fleire litteratursider finn du under sidefana LINKAR
EKKO 4 ÅR!
21/1-09
Ekko er 4 år i dag.! Dagen (natta) starta med ei fælt tôrever. Det liker ikkje Ekko. Då rommer han til eit rom utan vindu. Dagen ser ut til å bli mørk med ufyseleg vêr, men guten skal nok bli feira stort same ka vergudane syns.
Litt oppdatering
Godt nytt år!
Ny nettadresse
25/11-08
Heimesida har fått ei enklare adresse, men den gamle kan framleis brukast. Den nye er: www.oesterhus.net
Reiseoversikt
Gleda over å reise, oppleve, lære nytt og nyte livet har ført meg mange stader i verda. Her er ein link som viser kor: Verdskart
Nyhende frå 2008 er sletta.
|
|
 |
|
|
|