Dei største leseopplevingane

Eg er glad i å lese og iblant kjenner eg at nokre av bøkene eg les, kjem til å følge meg lenge etter at eg er ferdig med dei. Bøkene nedanfor er slike. Under arbeid!


J. Wiese: Kvinnen som kledte seg naken for sin elskede

Forfattaren har visst kun skrive denne boka. Og for ei bok! Dette er kjærleiksroman med stor K.



H. Wergeland: Mennesket
Det er Wergeland år i år (2008). Og då er han ikkje lett å kome utanom. Det er mange tekstar og dikt av han. Men eg trur eg set opp hovudverket hans som ei av dei viktigaste bøkene.


J. Tunström: Juleoratoriet
J. Tunström har fleire bøker som kan hamne på lista over dei største leseopplevingane. Denne skal i alle fall med. Ei sterk kjærleikshistorie.


V.Seth: En passende ung mann

For første gong fekk eg eit innblikk i livet til menneska som lever i India. Her er muslimar og hinduistar blanda saman. Og her er situasjonen til ei enke som skal skaffe ein passande ung mann til dottera si. Det blir for henne òg det å skaffe seg sjølv ein stand å bu for som enke reiste ho rundt og budde hjå søner og annan familie. Kjærleik, politikk, pengar og religion. Alt som er viktig godt blanda saman.



A. Hauge: Mysterium

A. Hauge har fasinert meg i mange år. Og den mest mystiske og kanskje den sterkaste boka er "Mysterium". Veit ikkje kor mange gonger eg har lese den og framleis undrast eg.



I.R.Hagen: Eventyr og fortellinger fra Mostua 1-6
Desse barnebøkene opna augo mine for teksten mellom linene, symbolbruk og mytene. Altså har dei vore svært viktige for måten eg les på seinare i livet.


A. Garborg: Haugtussa

Eg har lese den som vakker og romantisk poesi, som politisk dokument og som jærlitteratur. Den er alt og så mykje meir enn det. Kven har ikkje sitert frå Haugtussa etter møtet med boka?



Anne Franks dagbok
Å møte denne boka som tenåring er ei sterkoppleving som blir sitjande.


C. Dickens: A Christmas Carol
Kven kjenner ikkje gjerrige Scrooge? Han skal visst vere ein modell for onkel Skrue... I alle fall finnes det Disney- film om denne fortellinga. Og det fins andre flotte filmar over boka. Fantastisk historie som eg koser meg med kvar jul.


C.J.L. Almquist: Det går an


F. Dostojevskij: Forbrytelse og straff


F. Kafka: Prosessen


F. Dostojevski: Brødrene Karamasov


T. Ajtmatov: Djasmilja
Ei fantastisk kjærleikshistorie frå steppene i Kirgistan. Var og vakker.


I. Allende: Åndenes hus
Det var eigentleg då eg oppdaga Chile sjøl om eg visste om landet før det.


O.Duun: Juvikfolket
Ei sterk skildring av folket på Juvik. Olav Duun får så godt fram kjerna i oss menneske. Ka som kan drive oss fram til både onde og gode gjerningar.


T. Ajtmatov: Og dagen varer lenger enn et århundre
Han skriv så bra frå steppene i Kirgistan at eg kjenner sanden i munnen. Ein gong eg gjekk på Hardangervidda tenkte eg: "Om eg møter gravfølget frå denne boka her, så er det akkurat slik det skal vere."


H. Ibsen: skuespill
Trur eg førebels lar det stå slik. Det er så mange som har gjort inntrykk. Alle kan ein bli klokare av. Men sjølvsagt står "Brand" ,Peer Gynt", "Et dukkehjem". Keiser og Galileer" høgt.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

21.06 | 00:09

Kjempegod ide!!!

...
21.06 | 00:07

nydelige bilder!!

...
06.04 | 22:57

Så flott!

...
10.03 | 00:07

Havets Katedral synes jeg var veldig god. Også pga Mechelen, Mechelen er nå en liten by i Belgia, men da var den hovedsetet for BeNeLux områdedt.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE