Gode leseopplevingar

Det er mange bøker som er kjekke, spennande, lærerike osv. Ikkje alle gjev varige inntrykk i sjela, men dei gav ei god lesestund, ettertanke, latter, spenning..... Altså bøker eg er glad eg har møtt på lesevegen min.
Nedanfor er ei liste med slike bøker. Kanskje nokre av dei etterkvart får opprykk til "Litteratur 1" når tida har modna tanken.
Under arbeid!


P. Høeg: Frøken Smillas fornemmelse for sne
Mitt første møte med Peter Høeg. Og det blei eit spennande møte. Så mykje snø og så mykje av den ukjente delen av Danmark. Spenningsroman.

A. MacLean: Kanonene på Navarone
Kjempespennande rett og slett.

H. Mankell: Brandvägg

Mankell har mange spennande krimbøker, men ingen som eg har gjeve varige sjelsinntrykk. Men denn må med. Og det bare for at den redda IKT-eksamen min. Eg fann boka på Kastrup ei veke før eksamen. Og gjett ka eg gjorde i staden for å lese til eksamen? Akkurat. Men jammen greidde eg å flette innhaldet i boka inn i eksamen. Og eg stod!


L. Olsson: let me sing you gentle songs
Ei bok eg fann i New Zealand og gav bort i julegåve. Måtte låne den tilbake. To kvinner, ei ung og ei gamal, møtes i vinter Sverige. Begge har baggasje med seg frå livet. Møtene deira er flotte.

H. Murakami: Kafka på stranden
Bare tittelen var nok til at eg måtte ta boka med på ferie. Kjempefin! Eg storkoste meg med oversetjinga til norsk. Herleg måte dialekten til trailersjåføren kjem fram. hadde aldri tenkt på at det nok er by og landdialektar i Japan òg. Eg liker denne blandinga av realisme og det overnaturlege.

M. Zusak: Boktyven
"Liesel stjeler bøker. Dette er hennes historie" står det på vaskeseddelen. Vi opplever Liesels veg for å forstå bokstavar og ord. Og samstundes møter vi ein liten by i Tyskland under krigen. Om å skjule jødar og vere ven med nazistar. Og om å tru på livet og menneska. Eit spennande møte med ein fortattar som var meg heilt ukjent.

K. Fossum: Elskede Poona
Dette er krim. Men òg ei vakker kjærleikshistorie. Denne greip meg på ein annan måte enn dei andre krimbøkene til Fossum. Møtet og forventningane mellom to menneske av ulike kulturar. Vakkert!

K. Fløgstad: Dalen Portland

M. French: Kvinner

På slutten av 70-talet og byrjinga av 80-talet var det mange bøker under kategorien "kvinnelitteratur" som var med på å bygge og utvikle mitt eige syn på meg som kvinne og kven eg er. Denne boka får stå som det største dømet.


A. Gavalda: Eg vil at nokon skal vente på meg
A. Gavalda er populær. Særleg romanen "Saman er ein mindre aleine" har hatt suksess her i landet. Eg vil ta fram novellene hennar. Dei er heller flottare enn den mest kjente romanen.

S. Vickers: Miss Garnet's Angel
Har du tenkt deg til Venezia? Les denne! Ei eldre kvinne som reiser til staden hennar avdøde veninne alltid hadde drøymt om å reise til. Ho er ingen vanleg turist i Venezia. Ho blir der over lengre tid og følgjer opp-pussinga av ei lokal kyrkje.

E. Morante: Historien

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

21.06 | 00:09

Kjempegod ide!!!

...
21.06 | 00:07

nydelige bilder!!

...
06.04 | 22:57

Så flott!

...
10.03 | 00:07

Havets Katedral synes jeg var veldig god. Også pga Mechelen, Mechelen er nå en liten by i Belgia, men da var den hovedsetet for BeNeLux områdedt.

...
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE