Polfararane tek med seg menyen og gler tilsette på polet. Endeleg kan dei få bruke all den gode kunnskapen dei har! Vi andre reiser rundt på ulike butikkar for å skaffe akkurat den ingrediensen som må til. Denne gongen måtte vi mellom anna på apoteket. Så møtes gjengen.
Den einaste oppskrifta som blei dobla, var hovudretten.
Kommentarar til rettane:
1. Nokre smakte på sennepsvinaigretten på førehand og var litt skeptisk. Men all skepsis forsvann då retten kom på bordet og smakane fekk vere saman. Veldig god forrett. Vinen passa perfekt
2. Dette var ei kjempegod suppe. Perfekt med røykelaks i. Ikkje lett å finne vin som passar til røykelaks. Vinen var god, men kom ikkje heilt til sin rett.
3. Ein god drink, men kanskje i søtaste laget?
4. Fantastisk god and! Saftig og med nydeleg saus. Nå kom superlativa fram. Første vin var himmelsk og andre vin var heller ikkje dum... Og vi? Ja, vi var salige :).
5. Denne retten gløymte vi. Den fantastiske middagen og spenningen til muskatis mm gjorde sitt
6. Ein dessert som det tok tid (og mange egg) å lage. I tillegg til brownie og sjokolade-pannacotta var det bringebær coulis og heimelaga muskat-is. Muskat-is hadde ingen av oss smakt før. Spennande smak. Aldri før har Tokaji-vin passa meir perfekt til ein dessert!
7. Avslutninga blei espressokaffi med daddel og ingefærsmak. Godt. Nokre blei sitjande å småspise på restene av daddelsirupen.